Bygg kyrkje med oss

Vår draum er å bygge ei kyrkje og eit kyrkjefellesskap saman med menneske som vil dele tru og fellesskap med oss. Ser du etter eit fellesskap? Ser du etter ei kyrkje som vil vere med å skape noko? Vi er akkurat no i ei fase der vi set fokus på ein del område som t.d. arbeidet vårt som er retta mot barn, lovsong og generell kultur i kyrkja vår. Kva er vår kultur? Korleis kan vi som kyrkje formidle tru? Dette, og mykje meir er relevant for oss og, for både for vår, og for di framtid. Kanskje skal du vere med og bidra i dette? Vi ser ikkje etter arbeidarar, men først og fremst etter medarbeidarar. Det er fordi vi har tru på å bygge kyrkje saman.Vi vil gi Volda ei kyrkje som inkluderer menneske i alle livsfasar og aldrar.

Ei kyrkje der besteforeldre kan sjå barn og barnebarn i same fellesskap.

  • der menneske får vite at dei er verdifulle, og at vi saman kan vere etterfølgjarar av Jesus i eit livslangt løp.
  • der vi kan kople menneske med Jesus.
  • der alle kan erfare at dei blir styrka i relasjonen til Jesus.

Det er derfor det er så viktig for oss å ha ein kultur som gjer at alle kjenner seg inkludert og gjer det mogleg å vekse i si gåve eller teneste. Vi er derfor rause med å la folk få bidra, for vi har tru på at vi saman kan bidra slik at vi blir bedre og klokare. Vi har alltid noko å lære av nokon, og vi kan alltid lære noko til nokon. I Pinsekyrkja er det mykje vi kan gjere endå betre enn det vi gjer i dag, men dette ynskjer vi å gjere saman med deg. Enten du er ny i din relasjon til Gud, eller du alltid har trudd, så vil uansett Pinsekyrkja vere rett stad for deg.

Ta kontakt med oss