Tentro

Alt Text

Tentro er ei frikyrkjeleg konfirmasjonsundervisning, som kan veljast i staden for kyrkjeleg eller borgarleg konfirmasjon. Undervisningsopplegget er nasjonalt og har ein tydeleg kristen profil, bygd på den kristne lære. Tentro ønskjer å ta tak i tenåringars kvardag og verkelegheit, og knytte dette opp mot kristen tru. Undervisningsforma er difor lagt opp for å involvere konfirmanten med opplevingar som engasjerer, verkemiddel henta frå kvardagen – film, musikk, bilde, illustrasjonar og forteljingar, leikar og konkurransar. Vårt ønskje er at ungdomane også sjølve skal prege samlingane med spørsmål og det dei opplever i sin kvardag. Det skal vere rom for tru, tvil og spørsmål.

Å velje frikyrkjeleg konfirmasjon inneber inga forplikting i forhold til dei kyrkjene som arrangerer Tentro som konfirmasjonsundervisning. Deltakarane treng ikkje ha medlemskap i ei frikyrkjeleg menighet eller tilhøyre ein kristen samanheng. Tentro er opent for alle. Vi stadfestar ikkje barnedåp, men gir heller tenåringane eit solid grunnlag for å ta eigne val. Difor vert det ikkje stilt krav om å vere døypt eller la seg døype.

På Tentro skal det vere rom for å stille spørsmål, undre seg og dele frå sin kvardag. Og vår bønn er at dei får sjå kven Jesus verkeleg er, og oppleve livet med Han. Tentro skal hjelpe tenåringane til å oppdage, oppleve og til å skjønne det oppdraget Gud har gitt oss. Dei skal få oppleve kven Han er, dei skal få oppleve noko av det Han har for oss og dei skal få kjenne det, på det oppdraget som er oss gitt.

Ta kontakt med oss ved spørsmål.

Ansvarleg leiar for Tentro – Andreas Kråkenes