Smittevernrettleiar Covid-19
Pinsekyrkja i Volda har som mål å ha gode og trygge rutinar, slik at vi kan hindre smitte, og ha oversikt om smitte skulle inntreffe. Vi følgjer alltid dei nasjonale og kommunale retningslinjene. Dvs Folkehelseinstituttet og Volda kommune sine retningslinjer, og dessutan er vi oppdaterte på retningslinjer innan vår bransje frå Norges Kristne Råd.
Reinhald er vesentleg for tryggleiken til alle. Vi vaskar alle kontaktflater etter kvart arrangement, som betyr at kontaktflater blir reingjorde dagleg og ved behov.
Overordna retningslinjer
a. Sjuke personar skal ikkje ta del i kyrkjelege arrangement. Er du i ei risikogruppe, bør du vurdere det same. Er du i tvil, eller har symptom på hoste, luftvegsplager, skal du bli heime.
b. Handvask når du kjem, og det vil vere anti-bac stasjonar som du kan bruke inn og ut av kyrkjesalen. Ver ute i god tid.
c. Grunna retningslinjer må vi registrere alle som kjem. Dette med tanke på
eventuell smittesporing i etterkant. Opplysningar lagrast nedlåst, og vil bli
fjerna i etterkant.
d. Avstandsregel vil alltid gjelde. Kyrkjesalen er oppdelt slik at dette er mogleg, og vi oppmodar familiar og husstandar til å sitje saman. Hald avstand på tur inn og ut av kyrkjesalen, bruk munnbind om nødvendig.
Praktisk ved gudstenestene
a. Vi vil vurdere ulike situasjonsbilete ift. retningslinjer. Nokon gudstenester vil også streamast direkte, eller kome i etterkant med opptak på våre sosiale medier. Berre dei på plattforma vil sjåast på skjerm, så ingen vil bli filma frå salen. Innhald som blir sendt kan vera ulikt, og nokre gongar blir berre preken sendt.
b. Kollekt kun via Vipps, eller direkte til konto.
c. Ved forbøn og dåp gjerast dette innanfor restriksjonar frå overnevnte styresmakter. Ta kontakt med pastor/leiarråd.
Oppdatering 14. Januar 2022
Vi vil orientere om at vi til enhver tid vurderer situasjonen ift. sikkerhet og trygghet for våre medlemmer og besøkende. Det kan føre til at vi pålegger restriksjoner som kan være strengere enn de nasjonale eller kommunale. Det gjøres fordi vi må selv ta ansvar og bedømme situasjonsbildet utover hva som er pålagt ved lov. For tiden gjelder følgende regelverk, som finnes i lenken under.