Samtaletjeneste

Samtaleteneste

Pinsekyrkja si samtaleteneste tilbyr samtalar med ein av våre rettleiarar om tru og tvil, vanskelege val, sjelesorg og utfordringar i relasjonar. Vi ynskjer å ha omsorg for heile mennesket. Det betyr at vi ønsker at den enkelte skal få eit betre forhold til Gud, seg sjølv, og til andre menneske. Du må ikkje ha ei gudstru for å oppsøke oss. Samtalane er gratis.

Personleg forbøn
Vi har ope for personleg forbøn om nokon ønsker det.

Bønebehov
Har du eit takke- eller bøneemne du ønsker vi skal vere med å be for, kan du og sende dette til oss på e-post post@pinsekyrkja.no, så vil det bli bedt for av våre medarbeidarar.

Vi oppmodar og til å ta kontakt med eit offentleg tilbod:
Alt Text

Mental Helse

Tel: 116 123

Hjelpetelefonen er Mental Helse si telefonteneste. Den gratis og døgnopen for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym og dei har teieplikt. Tilbodet inkluderer angst, depresjon, uro, sorg og sjølvmordstankar.

Vold og overgrepslinjen 

Tel: 116 006 (hele døgnet)
Nettside: www.volinjen.no

Vold- og overgrepslinjen 116 006 er ei døgnopne hjelpeline for alle som opplev vald eller overgrep i nære relasjonar. Her kan du snakke om opplevingane dine, få hjelp, råd og svar på spørsmål. Du kan ringe anonymt og tenesta er gratis.

Kirkens SOS 

Tel: 22 40 00 40

Kirkens SOS kan tilby eit lyttande medmenneske, som gir støtte og trøyst i møte med den smerta som vert delt. Du kan ringe anonymt, krisetelefonen har inga nummervisning. Alle medarbeidarar ved Kirkens SOS har teieplikt og er anonyme. Telefonen er døgnopen.

Alarmtelefonen

Tel: 116 111
Nettside: www.116111.no

Alarmtelefonen er eit naudnummer for born og unge, som er gratis å ringe. Ta kontakt dersom du opplev vald i heimen, er utsett for overgrep, er redd for tvangsgifte eller opplever andre akutte og vanskelege situasjonar. Tilbodet gjeld også vaksne som er bekymra for barn og unge – eller har mistanke om at dei vert utsette for vold og overgrep.