Om oss

Pinsekyrkja i Volda

Velkomen heim!

Det er ei helsing som betyr mykje for oss. For det første ser vi på kyrkja som ein familie, og håpar at du og kan gjere det. For oss betyr det eit fellesskap som vert opplevd naturleg, godt og sunt, ein stad kor du kjenner deg velkomen, trygg og der du vert teken imot. For den som høyrer til kyrkja, om du har vore her lenge eller er ny, så skal Pinsekyrkja vere ein stad kor du er heime. Difor – velkomen heim. For deg som besøker oss for første gong, eller om du har vore innom nokre gongar, så skal Pinsekyrkja vere ein stad der du kjenner deg heime. Difor – velkomen heim.

Vi trur på ein god kultur, der vi som kyrkje kan vere med å dekke dei behova du har i kvardagen. Som kyrkje vil vi vere der for deg. Vi trur på verdiar som gjev rom for å vere ekte – vere den du er, der Pinsekyrkja er raus og inkluderande. At vi som kyrkje formidlar godheit, kjærleik og omsorg, og er til velsigning for kvarandre og for menneska utanfor kyrkja vår. Dette er noko vi vil skape saman med deg. Om du har vore her i mange år, eller nyleg har kome, så skal du få lov til å vere med å skape ein heim for deg og andre menneske.

Lengselen etter å kjenne at Gud er nær, er viktig for oss. At menneske både får møte og erfare Jesus i sine liv og livssituasjonar. Vi trur på den personlege erfaringa av Jesus. Vi ynskjer og at du skal få oppleve ei kollektiv erfaring av Gud. Vi ønsker å formidle ein tydeleg kristen bodskap, og håper at dette skal avspegle kyrkja og verksemda vår meir og meir framover.

Vår visjon handlar om å sjå menneske, om det å ha eit hjarte for menneska. Vi vil gjerne invitere deg inn i dette, og vi vil og vere der for dei som kjenner at livet ikkje alltid er like enkelt. For oss betyr det å alltid arbeide for at kyrkja vår skal vere slik. Det er ei oppgåve vi tek på alvor. Vi er klar over at nokre gongar vert det ikkje opplevd slik, og nettopp då kjem du inn, for å hjelpe oss til å bli betre. Å vere saman som kyrkje er sentrum i Pinsekyrkja. Vi ser saman, vi gjer saman og vi blir til kyrkje saman.

Med helsing
Birgitte og John Aage Rødseth
Pastorpar i Pinsekyrkja Volda

Alt Text
Alt Text

Gudstenesta

Gudstenesta er ein ladestasjon der ein vert oppmuntra til å leve med Jesus i kvardagen. Fokuset er at forkynninga skal vere livsnær og relevant. Kvar gudsteneste vert tolka til engelsk. Etter gudstenesta brukar det å vere kyrkjekaffi i kjellarstova. Annankvar søndag er det søndagsskule for dei minste.

RUSSLANDSHJELPA

Kvart år i september vert det haldt ein storstilt dugnad for å samle inn pengar og brukte klede som vert sende til Russland og Aust-Europa for å hjelpe einskildmenneske.

MISJON

Ein viktig del av Pinsekyrkja sitt arbeid er misjon, og vi har mellom anna hatt ansvaret for misjonær Evy Surdal i Swaziland i over 30 år. I tillegg er vi med å støtte fleire andre misjonsprosjekt.

Born og unge

Born og unge er ikkje berre framtida til kyrkjelyden, men dei er og ein del av den idag! Vi vil formidle kjerna i evangeliet til borna i trygge rammer. Mykje av arbeidet er musikalsk, slik som «Songstund» (før skulealder), «NonStop» (1.-5.klasse) og «Volda Soul Children» (6.-10.klasse). Vi har og søndagsskule og familiegudstenester.

Konfirmasjon

Konfirmasjons-arbeidet vårt er kalla «Tentro». Tentro er laga for at du skal kunne involvere deg og oppleve. Ikkje berre høyre på. Det er for alle i konfirmasjonsalder, og ein treng ikkje ha noko anna tilknyting til Pinsekyrkja. Opplegget er knytt opp til gjenkjennelege element, og det er lagt opp til fleire turar i løpet av året.

Connect

«Connect» er ungdomsarbeidet til Pinsekyrkja. Vi CONNECTar med Gud, og vi CONNECTar med kvarandre. Vi samlast laurdagar, og går «back to basics» av det å vere Jesu disiplar. Stikkord: lovsong, tale, bøn og sosialt.