Skattefrådrag

Alt Text

Skattefrådragsordninga

Mange velg å gi si gåve som kollekt eller på Vipps i samband med menigheten sine møter, men ein endå større andel vel å nytte seg av menigheten si ordning for givarteneste. Fordelen med sistnemnde er at menigheten gjennom PSGS (Pinsevennenes Sentralregistrering av Gaver med Skattefradrag) er godkjend for skattefrådrag på alle gåver inntil kr 25.000,- pr år. Ved å registrere dine gåver/tiende til Pinsekyrkja Volda er det mogleg for deg å få redusert skattbar inntekt med opptil 25% av beløpet.
Tiende er ein bibelsk praksis som vi anbefalar, det vil seie å gi 1/10 av all vår inntekt tilbake til Guds hus. Ikkje la dette skreme deg frå å starte å gi ein mindre andel,  eller hindre deg i å gi meir. Du står uansett fritt til å gi det du har lyst til etter eige ynskje og evne, – valet er opp til deg. (2. Kor. 9,7-8)

Vi gjer merksam på fylgjande:

  1. Ved bruk av skattefrådragsordninga, vil gåva verte registrert på kontoinnehavar.
  2. Skattefrådraget er personavhengig og er begrensa opp til kr 25.000,- pr person pr år. Dette betyr at ektepar kan få frådrag frå beløp på tilsaman kr 50.000,-. Nedre grense for skattefrådrag er sett til kr 500,- pr person pr år.  Beløp under dette vert ikkje innrapportert.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du treng hjelp med å sette opp avtalen eller har spørsmål.

Du kan gi på fylgjande måtar:
Konto for givarteneste: 3000.63.54188
Vippsnummer for gåver: 90247