Medlemsskap
Innmelding
Normal prosedyre for å melde seg inn i kyrkja er å avtale ein samtale med pastor. I denne samtalen går vi gjennom nokre sentrale punkt som omhandlar kyrkja, og du får høve til å fortelje litt om deg sjølv og gi uttrykk for om du t.d. ønsker å delta med dine gåver og talent i arbeidet som kyrkja står i. Vidare fyller du ut eit innmeldingsskjema med personlege opplysningar. Dersom den som skal melde seg inn har fylt ut skjemaet på førehand så er det berre fint.
Utmeldingsattest
Dersom du har vore medlem i ei anna kyrkje tidlegare så ber vi om at du tek med deg ein kopi av utmeldingsattest frå den kyrkja, til samtalen. Dette er ønskeleg for å unngå dobbeltregistreringar. Dersom du er usikker på om du er medlem ein annan stad, så kan du kontakte Brønnøysundregistrene v/Løsøreregisteret på telefon 75007500 og be om innsyn i opplysningar registrert på ditt personnummer. Om du er usikker på om du er medlem eller registrert i Den norske kyrkje, kan du ved hjelp av BankID sjølv sjekke status – -trykk her!