I Barnekyrkja skal barna få vekse med Gud. Bli kjende med han og bli sterke og trygge i trua. Innanfor trygge rammer vil vi formidle kjernen i evangeliet. Barna skal få erfare at dei er ein del av kyrkja. Vi ønsker og at barna skal vere involvert i gudstenestene. I Barnekyrkja har vi fokus på gode andakter, lovsong og mykje gøy. Vi har og familiemøter fleire gonger i løpet av året, og vi har Barnekyrkje-input frå plattforma i dei ordinære gudstenestene. Som kyrkjelyd satsar vi på og vektlegg arbeid retta mot barn, fordi vi vil ha rom for heile familien i kyrkja. Mykje av tilbodet til barna er musikalsk. Våre leiarar i Barnekyrkja og på dei andre fokusområda retta mot barn, er gode og trygge vaksne, som har relevant kompetanse.
Fokus på barn
Kontaktpersoner:
Barnekyrkja: Sylvi-Anne Mørch og Mailene A. Kvalsvik
Nonstop: Mailene A. Kvalsvik
Songstund:
Leder for Barnerådet: Mailene A. Kvalsvik
Songstund
SONGSTUND ER FOR TIDA IKKJE ET TILBOD
Songstund er for alle barn under skulealder. Vi har ca. 30 minutter songsamling med bibelforteljing. Leik og sosialt for barn og forelde/besteforeldre. Enkel servering. Songstund er samtidig med Nonstop.
Tid
Annankvar onsdag. kl.17.30-18.30
Stad
Pinsekyrkja, i peisestova.
Ansvarleg for Songstund
NonStop
Nonstop er et kor for alle som har begynt i 1.klasse og opp til 6.klasse. På øvingane er det song, leik og ein liten andakt. Vi prøver å velge ut songar som er spennande for både dei yngste og dei eldste, og vi framfører både i Pinsekyrkja og andre stadar.
Tid
Annankvar onsdag kl. 17.30 -18.30
Stad
Pinsekyrkja, i hovedsalen.
Mailene Almklov Kvalsvik leiar koret Nonstop. «Vi synes at det er veldig viktig at vi har det gøy sammen på kor, og vi skal ta godt imot alle som ønsker å kome!»