Pinsekyrkja i Volda

Alt Text

Velkomen til Pinsekyrkja i Volda

Pinsekyrkja har ei tradisjonsrik historie som går over 90 år tilbake, men er i dag er vi ein moderne og inkluderande kyrkjelyd midt i Volda sentrum. Vår visjon er: Ei kyrkje med hjarte for bygda. Her er du velkomen enten du er ny i Volda eller har budd her lenge. Kanskje treng du ein kyrkjelyd å knyte deg til eller kun å besøke. Du kan også bli med og bidra aktivt i kyrkja som til dømes å hjelpe med lyd- og bildeteknikk, lovsong og musikk, barnekyrkja o.a. om du ynskjer det. Gjennomveka er kyrkja full av livlege aktivitetar for både barn, unge og vaksne.

Pinsekyrkja er ein samlingsstad for generasjonar og vi ynskjer å vere ei kyrkje der alle kjenner seg velkomne. Vi trur på ein varm inkluderande kyrkjelyd. Det er mogleg å få tolketeneste til engelsk. Pinsekyrkja tel omkring 300 menneske med store og små. Arbeidet er i hovudsak drive av frivillige. Vi har også fire ansette: Hovudpastor, ungdomspastor, barne- og ungdomsleiar og administrasjonsleiar. Vi ynskjer deg hjerteleg velkomen og vi håpar at du vil trivast hos oss.

Med helsing

Pinsekyrkja i Volda