Velkomen til Pinsekyrkja

Velkomen til Pinsekyrkja

Alt Text

Velkomen heim!

Det er ei helsing som betyr mykje for oss. For det første ser vi på kyrkja som ein familie, og håpar at du og kan gjere det. For oss betyr det eit fellesskap som vert opplevd naturleg, godt og sunt, ein stad kor du kjenner deg velkomen, trygg og der du vert teken imot. For den som høyrer til kyrkja, om du har vore her lenge eller er ny, så skal Pinsekyrkja vere ein stad kor du er heime. Difor – velkomen heim. For deg som besøker oss for første gong, eller om du har vore innom nokre gonger, så skal Pinsekyrkja vere ein stad der du kjenner deg heime. Difor – velkomen heim.

Vi trur på ein god kultur, der vi som kyrkje kan vere med å dekke dei behova du har i kvardagen. Som kyrkje vil vi vere der for deg. Vi trur på verdiar som gjev rom for å vere ekte – vere den du er, der Pinsekyrkja er raus og inkluderande. At vi som kyrkje formidlar godheit, kjærleik og omsorg, og er til velsigning for kvarandre og for menneska utanfor kyrkja vår. Dette er noko vi vil skape saman med deg. Om du har vore her i mange år, eller nyleg har kome, så skal du få lov til å vere med å skape ein heim for deg og andre menneske.

Lengselen etter å kjenne – at Gud er nær, er viktig for oss. At menneske både får møte og erfare Jesus i sine liv og livssituasjonar. Vi trur på den personlege erfaringa av Jesus. Vi ønsker og at du skal få oppleve ei kollektiv erfaring av Gud. Vi ønsker å formidle ein tydeleg kristent bodskap, og håper at dette skal avspegle kyrkja og verksemda vår meir og meir framover.

Vår visjon handlar om å sjå menneske, om det å ha eit hjarte for menneska. Vi vil gjerne invitere deg inn i dette, og vi vil og vere der for dei som kjenner at livet ikkje alltid er like enkelt. For oss betyr det å alltid arbeide for at kyrkja vår skal vere slik. Det er ei oppgåve vi tek på alvor. Vi er klar over at nokon gonger vert det ikkje opplevd slik, og nettopp då kjem du inn, for å hjelpe oss til å bli betre. Å vere saman som kyrkje er sentrum i Pinsekyrkja. Vi ser saman, vi gjer saman og vi blir til kyrkje saman. Foto: Elias Krumsvik.

Med helsing
Birgitte og John Aage Rødseth
Pastorpar i Pinsekyrkja Volda